Vidaregåande skule

Skreddarsydd løysing for levering av bilde til administrasjonssystem, skule og skyssbevis, portrettbilde, klassebilde og årbok.

Les brosjyre

Skulekatalog / årbok

Skulekatalogen/årboka er eit fantastisk hjelpemiddel for å verte kjent med kvarandre, og det er eit fint produkt for å ta vare på minna frå skuleåra. Skulane / årbokkomitèane kan vere med å bestemmer innhold i katalogen. Her er det rom for kreativitet.

PORTRETTBILDE

Elevane får alltid sjå og plukke ut bilde av seg sjølv under fotograferinga. Bilde som blir valgt vert brukt til administrasjonssystemet, skulekatalogen og ID-kortet. Elevane får tilsendt sms med inloggingskode slik at dei får tilgang til bilda sine på nettet.

Vi sender kun ut dei bilda/produkta som elevane/foreldra har tinga på nettet. Det er likevel full returrett på produkta som er tinga og sent heim i posten. Vi har betalt returporto.

KLASSEBILDE

Det er fint om skular og klasser vil vere med på å lage spenstige klasse- bilde. Lag gjerne tema på skulen slik at alle i klassa får ein felles profil. Våre rutinerte fotografar er flinke til å komponere gode oppstillingar, så elevane får klassebilde som er interessant å ha, og som er med på å gjere katalogen/årboka til eit spennande produkt.

Bilde til admin. systemet

Portrettbilda av elevane og event. tilsette som skulen skal bruke til administrasjonssystemet vert lasta opp til skulen rett etter avslutta fotografering.

FLEIRE FOTOGRAFAR, EFFEKTIV FOTOGRAFERING

Vi veit at det er viktig for skulane å ha mest mogleg fokus på under- visninga. Med kun ein fotograf vert det ofte «sprekk» i tidsskjemaet. Om ei klasse kjem for seint, eller fotografen får tekniske problem, vil ein fotograf ikkje greie å ta det inn igjen. Dette skapar venting og støy. Det skapar frustrasjon blant lærarane som ikkje får bruke den tiltenkte tida til undervisning. Vi stiller med to eller tre fotografar, og vi tør påstå at vi aldri opplever at klasser må vente om dei kjem til den avtalte tida.

Kontakt oss

Vi er her for å hjelpe deg!
Åpningstider kundeservice. kvardagar: 09:00-15:00 (telefon)

Vår adresse

Hetlebakken 1a
6827 Breim

Send Epost

post@reedfoto.no

Ring oss

+47 57 86 83 33

Laster
Your message has been sent. Thank you!
Vi brukar informasjonskapslar for å tilpasse innhaldet og analysere trafikken vår. Velg om du er villig til å godta informasjonskapslar frå nettstaden vår.