Barnehagefoto

Portrett og gruppebilder ute eller inn.
Flotte søskenbilder.
Full valgmuligheit.

Les brosjyre

PORTRETTBILDE

Bilde av barn i barnehagen er eit minne foreldra er stolte av og vil ta vare på.

Tilbakemeldingane vi får frå svært mange foreldre er at dei set stor pris på desse bileta fotografert av oss som fagfolk. Dei fleste har mobilkamera, og mange familiar har digitalkamera i heimen. Men det blir noko anna med bilde frå ein fagfotograf med profesjonelt utstyr og ikkje minst erfaring.

Lokal tilknytning

Vi veit at mange barnehagar vil bruke oss i Reed Foto AS fordi vi er eit lokalt selskap med lokale fotografar. Det er vi sjølvsagt glade for, men hovedgrunnen for å velge oss skal vere at vi har dei beste tenestene, leverer dei beste produkta, og har konkurransedyktige prisar.

SØSKENBILDE

I tillegg til gruppebilde og portrettbilde av borna, er det mange foreldre som også ynskjer søskenbilde. Det tek vi gjerne. Vi tilpassar oss kvar enkelt barnehage sine ynskje og behov.

GRUPPEBILDE

I vårt langstrakte land er det mykje vêr. Vi ser helst at det alltid er sol og fint vêr, men vi veit at det også ofte er både vind og regn. Kontrastane er av det gode, men også noko vi må ta omsyn til. Når vi skal fotografere gruppebilde ynskjer vi primært å vere ute, men av og til må vi trekke i hus.

Bestilling av foto

Kort tid etter fotografering vil foreldra/føresette få tilsendt SMS med innlogging, slik at dei kan bestille bilde.
Det er enkelt å dele albumet med besteforeldre eller andre dei vil dele det med, slik at dei også kan bestille det dei har interesse av.
Barnehagen får gratis tilsendt eksemplar av kvart gruppe- bilde, og eit portrettbilde av borna for bruk i garderoben.

Kontakt oss

Vi er her for å hjelpe deg!
Åpningstider kundeservice. kvardagar: 09:00-14:00 (telefon)

Vår adresse

Nordstrandsvegen 17f
6823 Sandane

Send Epost

post@reedfoto.no

Ring oss

+47 57 86 83 33