| Om Reed Foto |
|
Reed Foto a.s er ein av dei største aktørane i Noreg innan skule- og barnehage-fotografering. Vi er i stadig vekst, med hovudkontor i Sogn og Fjordane /Breim. Vi tilbyr topp kvalitet og rask levering til konkurransedyktige prisar. Som ei av bedriftene i Intelekonsernet har Reed Foto a.s tett samarbeid med Eurofoto a.s, og Datasafe a.s. Gjennom utvikling av Snapeyekonseptet får elevar/foreldre ein unik tilleggsfunksjon innan online fototeneste. Via passord vil elevane/foreldra få tilgang til bilda på internett, der bilda vil vere trygt lagra for framtida. Våre fotografar sit med høg kompetanse innan gruppefotografering og studio fotografering. Vi har brei erfaring med slektsstemner og andre store arrangement. Gjennom effektive foto og produksjonsprosessar kan vi tilby tenester på ulike store arrangement over det ganske land I samband med Norway Cup har vi dei siste åra fotografert mellom 12-15000 fotballspelarar, og laga fotballkort til desse der og då. Vi har også fleire år bak oss med fototeneste på Landsskytterstemne, der vi fotograferer for DFS (Det Frivillige Skyttervesen), og der skyttarane sjølve kan få diplom i montasje. Vi har deltatt i landsleirar og korpsfestivalar av ulike slag. |