Company Name

Om oss

 

Reed Foto består av eit nasjonalt nettverk av svært rutinerte fotografar. I tillegg til den solide rutinen vi har gjennom mange år med fotografering av tusenvis av elevar, er vi og i ferd med å utvikle heilt nye tekniske løysingar for å vidareutvikle dei norske skulefototenestene. Hovedmarknaden vår er Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Trøndelagfylka, i tillegg til at vi har fotografar stasjonert i Oslo.

Vår primære målgruppe er ungdomsskular, folkehøgskular og vidaregåande skular, men vi har også utvikla nye og framtidsretta løysingar retta mot barnehagar og grunnskular. Vår filosofi har vore og vil vere å heile tida knytte til oss det beste mannskapet for at kundane skal få både den beste service og det beste resultatet på dei produkta vi leverer.